Beskrivelse

Astrolog og terapeut Anne Kari Anderdal

Ynskjer du ei djup og personleg tolking av ditt fødselshoroskop ?

Horoskopet syner dine talent, gaver, men og dine fallgruver. Vi har alle våre sterke og svake sider, men det er ikkje alltid vi er like bevisst på alt.  Oppvekst og miljø påverkar oss tidleg.

Kven er du når du får vera deg sjølv? Kva lengtar du etter?
Når du får kontakt med ditt indre selv, kan du blomstre fullt ut.

Ved å oppsøke ein astrolog får du nokon til å setja saman alle temaene i horoskopet ditt, i motsetning til maskinelt generert horoskop. Samstundes som samtala med deg er viktig.
Pris: kr 1.100,-

Fordjupning i enkelte tema i horoskopet
Horoskopet er eit fint reidskap for personleg utvikling.
Fyrste tolkinga er rein kunnskap om deg sjølv, men i tillegg kan ein plukke ut enkelte tema og gå djupare ned i det. Slik at du kan forstå deg sjølv endå meir, etter kva du har behov for.
30/60 min kr 400/700

Reading

Reading er og mogleg. 
30min/50 min. Kr 400/600

 

Mitt navn er Anne Kari Anderdal. Eg er fødd i fisken sitt teikn i 1961 og bur på Gol i Hallingdal.
Eg var utdanna som autorisert reknskapsførar og arbeide som det i ca 25 år. Eg dreiv mitt eige reknskapskontor med tilsette, til helsa svikta i 2008 og eg måtte selja firmaet.

Sjukdom fører ofte til eit vendepunkt i livet. Eg måtte ha noko som fenga meg, som eg kunne fordjupe meg i på gode dagar når eg var sjuk, og då var det astrologien som gjorde at eg gløymte litt tid og sted.

Hard jobbing med mange opp-og nedturar, samt mykje viljestyrke har etterkvart gjeve gode resultat. Nokre medisinar er lagt vekk, i dag er det naturen og sunt kosthald som gjeld, samt å leve livet litt meir sakte og ta seg sjølv på alvor.

Mitt ynskje no er å kunne hjelpe deg som treng forstå deg sjølv bedre, som treng litt innspel, eller deg som vil reise deg att etter vanskar, som vil vidare i livet. Kanskje har du vore sterk alt for lenge?

Det er kun DU som kan ta tak i deg sjølv og finne dine svar, ingen andre, men eg kan hjelpe deg på vegen.

Om du kjenner dette er rett for deg, så ta kontakt ! Eg har ulike reidskap å tilby deg !

Velkomen skal du vera !
Helsing Anne Kari Anderdal

Send en melding/forespørsel til annonsør

    Kontakt
    • Firma/Virksomhet
      Astrolog og terapeut Anne Kari Anderdal
    Telefon

    415 00 280

    E-post

    akanderdal@gmail.com

    Adresse
    Kristenbrøtvegen 17B
    3550 GOL

    Trenger du hjelp?

    Vi er her For å hjelpe deg

    Noe uklart!
    Kontakt oss gjerne, vi er glade for alle spørsmål som vi kan hjelpe deg med.